Vedtak om endring/justering i høve 17. mai-feiring

Idrettslaget har hatt ansvaret for å avvikle 17. mai-feiring på Talgje. I år har styret vedteke to endringar.

Dei siste åra har det vore slik at 7. klassingene og deira foreldre automatisk er medlemmar av komiteen. Dette skal vere eit høve for 7. kl til å tene pengar til klassetur (tilsvarande slik dei gjer på Finnøy). I tillegg er det kvart år tatt inn eit par andre personar – i tillegg til representant frå idrettslaget.

Kven som blir med i tillegg til 7. kl-foreldre/føresett og styret i idrettslaget, går på rundgang blant alle Talgjebuar. Årets komité set opp eit par personar som blir med i neste års komité. Ein tek omsyn til kven som har vore med tidlegare og evt om det er praktike omsyn som bør takast (om det for nokre høver dårleg det året det gjeld, å delta i komiteen).

Endring i komite-ordning
Idrettslaget har vedteke ei endring som går ut på at alle som blir valde inn i 17. mai-komiteen, står for 2 år. Komiteen vil bestå av idrettslagets styre (repr. av leiar) i tillegg til 4 medlemmar. Med bedre ovelapping – ved at 2 og 2 komitémedlemar sit i 2 år – vil me få betre flyt i arbeidet frå år til år. Det vil då bli valgt inn 2 nye medlemmar til 17.mai-komiteen kvart år. (2 av dei som sit i år er og med til neste år.)
Formidling av nye komité-medlemmar skjer direkte til den det gjeld. Oversikt over komiteen for kvart år, blir lagt ut på nettsida til idrettslaget under fana “17. mai-program”.

Endring i ordningen for 7. klassingane
Når det gjeld komite-deltakinga for 7. klassingane, så har styret i Talgje IL, kome fram til å og gjere justeringar for utbetaling av eigenandel til klassekassen på Finnøy Sentralskule. Totalt skal den enkelte elev bidra med arbeid for kr 1000,-.
Idrettslaget har behov for hjelp til totalt 4 timer per elev i forbindelse med avviklingen av 17. mai-arrangementet: 1 time den 16. mai til førebuingar i gymsal/poster, og 3 timar på sjølve dagen.
Resterende 6 timer må utføres som arbeid lokalt. Det betales med kr 100,- pr time utført arbeid fra arbeidsgiver direkte til idrettslaget. I drettslaget betaler samla egenandelen (100,- pr elebv) til skulekassen på Finnøy sentralskule.
Idrettslaget hjelper til med å skaffe arbeid om elevane ønskjer det.
Arbeidgjevar betalingen for arbeid til Talgje IL sin konto: 3347 6009 567, merk med fornavn på 7. klassing og “dugnad årstal” på betalinga.
kontaktperson i Talgje IL for formidling av arbeid skal stå på nettsida med kontaktinfo.

Denne ordningen startar frå og med neste år 2017.

Styret Talgje IL,
Talgje april, 2016