Turstien

Om turstien og infoen her vil bli oppdatert. I 2017 vil det bli utført oppgraderingar og utviding i ekisterande turstinett og skilting. Turstiane skal stå ferdig merka og med nye info-skilt i løpet av mai 2017.

På Talgje kan du oppleva og nyta fantastisk natur i ca 8 km med merka turløyper!

Skikk og bruk
Ver vennleg og følg dei merka stiane slik at bruken av områda blir god for både grunneigarar og turgåarar.
Alt ein tek med seg ut i naturen må ein ta med attende. All bruk av motiorisert ferdes er forbode. Husk lova om bandtvang for hundar.

Parkering
Ønskjer du å parkere i samband med bruk av turstien er det tilrettelagt for parkering på hurtigbåtkaien (Gongstø), ved grendehuset/ Talgje barnehage, ved kyrkja og Gardsvågen kai.

Ingershagen med gapahuk og grillplass

Ingershagen er ein del av turstien og kan brukast av alle. Her er det tilrettelagt med bålpanne, bålplass og gapahuk. Stien inn til området går 100 meter innover langs steingarden på motsett side av vegen for Talgje Bedehus. Ingershagen er fast i bruk av Talgje Barnehage som har fyrsterett på bruk av dette området på dagtid.

Turstiane på Talgje er sette i stand i regi av Talgje Idrettslag på dugnad. Merking og skilting er utførd med Tippemidler. Takk til velvillige grunneigarar og dugnadsfolk!