Lån & leige av grendehus/gymsal

Me har et godt grendehus på Talgje som også er ein del av Talgje barnehage. Her er det jevnleg med aktivitet og trivlege samkomer!

Her kan ein leige gymsalen med garderobeanlegg, vestibyle og kjøken.

Ved bruk av lokala finn de oppslag som viser informasjon og retningslinjer for bruk. Det er viktig at desse retningslinjene vert følgde slik at me får ein god bruk for alle. Det skal alltid vere ein person over 18 år som står som ansvarleg for bruk, nøklar, aktiviteten og at retningslinjene vert følgde.

Opne aktiviteter for barn og unge i kommunen er gratis. Sjå ellers prisar nederst på denne sida.

Hugs at dette er eit leikeområde for barn.

All bruk skal avklarast med styrar i Talgje Barnehage, kontaktinformasjon
Randi Sevheim Christophersen r 404 66 756 / h rsc@finnoy.kommune.no

Gymsalen har lydanlegg, klatrevegg, diverse leike- og aktivitetsutstyr (landhockey, volleyball mm). Tilhøyrande garderobeanlegg.

Diverse leike- og aktivitetsutstyr (landhockey, volleyball mm) – utstyret er til fri bruk for medlemmer i idrettslaget. Bruk ustyret godt og rydd tilbake på rett plass. For større grupper og bruk av utstyr – avklar med Idrettslaget.

Klatreveggen i gymsalen For bruk av klatreveggen må det alltid vere til stades ein ansvarleg person over 18 som har gyldig brattkort. Hvis ikkje så må ein slik person leigast inn. For bruk og leige av klatreveggen, ta kontakt med Talgje Idrettslag, kontaktinformasjon
Vidar Skavland r 92 42 76 02 / h vidar@ankergaard.no
Marte Gard Ullenes r 400 45 269 / h mullenes@gmail.com

Kjøkkenet har dekkeustyr til 100 personar og elles nytt og fint utstyr.

I vetsibylen kan det dekkast til omlag 40 personar, bord og stolar til ca 100 personar.

Alkohol og tobakk Det er ikkje lov å nyta alkohol i bygget eller tilhøyrande område.
Røyking skal ikkje føregå inne. Det er sett opp boks til sneiper ute ved inngangsdøra.

Wifi / trådlaust nett – få kode ved bestilling eller ta kontakt

Prisar utleige
Gymsal + kjøkken til samkomer over 30 pers: 2700 kr                     
Gymsal + kjøkken til samkomer under 30 pers:  2100 kr
Utleige av gymsal: 1000 kr         
Vestibyle: 650 kr          
Vestibyle + kjøkken: 1000 kr            
Overnatting pr. person: 60 kr
Utvask pr. time: 260 kr
Opne aktiviteter for barn og unge i kommunen er gratis. 

Utvask
Det skal gjerast utvask etter kvart bruk. Det er råd å kjøpe utvask, gjer avtale om det ved bestilling!

Talgje, mai 2014
Ellen Gudmestad Gard, styrar Talgje Barnehage