Bloggen

Program og talar 17. mai 2016

Programmet er klart, og i år er det talgjebuen Berner Meling som blir årets 17.mai-talar. Berner er pensjonert bonde med nyleg mastergrad i historie. Han kan mykje om Talgje si historie og har vore historieguide her på øya i mange år.
Tradisjonen tru blir det godteposeløp for alle ungar under skulealder, og elles leikar og konkurransar for alle.
Husk å ta med kontantar, og eit godt tips er å ikkje ta med bil om de klarar dykk utan, sidan det kan bli trangt om parkeringsplassane.

SJÅ PROGRAMMET HER

Kommentarer