Om Talgje IL

Idrettslaget sitt formål er å bida til aktivitet og gode opplevingar for store og små innbyggjarar på Talgje. Me vil ha alle med på laget, om du vil vere deltakar, leiar eller trenar, støttemedlem eller heiagjeng!

Talgje idrettslag blei stifta i 1962. Aktivitetane sidan den gong har blant anna vore volleyball, bading, fotball, friidrett, skirenn mm. Aktivitetsnivået og medlems-tala har gått opp og ned sidan oppstarten i ´62, men me har aldri mista pulsen heilt! Her kan du sjå nokre glimt frå historia vår.

Tradisjon tru står idrettslaget som arrangør for 17. mai feiringa her på Talgje.
Komiteen kvart år består av styret i idrettslaget i tillegg til val av årlig komité og 7.-klassingane med foreldre.

Ein sak idrettsalget har jobba med dei siste åra er turstinettet på Talgje. Her kan du lese meir om turstien.

Det er me som bur her som gir liv og aktivitet til idrettslaget – uten initiativ og engasjement blir det lite moro og action! Har du lyst å bidra inn i det som allerede skjer eller få i gang meir aktivitet så kontakt gjerne oss i styret! Styret og kontaktpersonar i styret