Historie

Her har me lagt ut litt av historia til idrettslaget. Her finn du mellom anna utklipp frå årsmøtereferat, resultat frå skiløp, bilder som viser litt av aktiviteten frå 1962 og fram til i dag. Meir blir lagt ut.

 
Har du bilder, historiar eller anna frå idrettslaget si historie så del det gjerne med oss. Styret og kontaktpersonar i styret

 

Skeiserenn i Østabøhaben 13. januar 1963

“Det var svært ringe forhold. Flau vind og snøslapsbyger og mjuk is. Det vart kjøpt inn 45 pølser, men det vart altfor lite for dei ca 40 tilskuarane og deltakarane som var møtt fram.
Dei beste resultata:
500 meter gutar.
1. Per Gard 59,1
2. John Meling 60,4
3. Bjørn Skavland 61,5
1500 meter gutar.
1. Per Gard 3,08,0
2. Torstein Kandal 3,18,7
3. Bjørn Skavland 3,24,0
 

Årsmøte i Talgje Idrettslag 1. januar 1966

“Årsmøte i Talgje Idrettslag 1.januar 1966 vart halde hjå Kristoffer Østebø i Andrestå. Frammøtet var svært godt og Olav Østebø spanderte sigarar på gutane. Styret hadde stensilert opp ein rapport for året som var gått, og den blei så godt mottatt, at det nye styret vart samde om å laga ein ny neste år. Det vart diskutert ivrig for og imot nytt klubbhus, men då det vart kjent at idrettslaget skulle få bruka skulehuset la den verste stormen seg.
Desse vart valde:
Formann: Berner Meling
Nestformann: Ivan Sørbø
Sekretær: Bjørn Skavland
Styremedlem: Ola K. Gard
Kasserar: Ove Ravnås
Fotballsesongen kom litt seinare enn vanleg i gang i år. Det kan nok ha sin grunn i at det var så få heime på forsommaren, og dei få som var her gjekk med KR-tegnet i augo, og på ryggene hadde dei skrive med svart blekk: Purre – Kål og Neper.
Dermed blei det mange nederlag både mot Fiskå, Finnøy og Østhusvik. Ei trøst var det at vi klarte å slå Fogn. (Dommaren utmerka seg spesielt).
Snopsalget gjekk godt og Ivan Sørbø vakta «kassen» med falkeblikk, men det var mange som sa at han åt mykje utan å betala. (Ha-ha).

Fotballgutar på Talgje 1978

Fotballgutar på Talgje 1978

Fotballgutar på Talgje 1978

Her ser me ein fin gjeng som representerte Talgje idrettslag sitt fotballlag i denne tida. Trenar for laget var Jostein Gard. På bilete ser me f.v. Einar Skavland, Jan Erik Lorentzen, Per Terje Sværen, Otto Østebø, Rune Østebø, Magne Østebø og Lars Sigve Berge. Dei spela blant anno mot Halsnøy, Sjernarøyane og sist men ikkje minst mot Fogn.. (erkerivalen) Reiste med godsruta for å spela mot Grødem, fekk skyss med Sundt si godsruta. På heimekampane blei gjestene henta på traktorhengar på kaien. Foto: Jostein Gard

Fotballlaget frå 1994

(Bildet under) Her er laget frå 1994, ei god blanding av jenter og gutar fødde 80-85. Trenar var John Skavland. Bak frå venstre Christoffer Østebø, Kjell Arild Gard, Trond Kristensen, Silje Vårdal, Olav Meling, Inger Anetter Lorentzen og Elin Gård. Framme f.v. Tormod Skavland, Lars Vårdal, Arild Reiestad, Ola Østebø, Bård Skavland og Ådne Kalvik.
I fylgje trenar John å blei “blei detta et stjernelag ittekvart, som tog alt!!”
Laget var med i “Øyaserien” (Talgje, Ombo, Stjernarøy, Fogn, Halsnøy). Foto John Skavland.

Fotballlaget på Talgje i 1994

Fotballlaget på Talgje i 1994

17. mai 1997

“I år feira me 17. mai i flott vér. Det var mange som møtte opp for å gå i toget. I år gjekk toget ut til rundkjøyringa. Etterpå vart det tale av Reidun Østhus frå Fogn. I matpausen var det aktivitetar for store og små. Dei minste sprang etter “godtepose” medan 1.-6. klassingane hadde dei vanlege aktivitetane med premie. Høgdepunktet i år vart nok for mange traktor-pullingå. Her fekk mannfolka anledning til å leika seg litt. Tor Arne Gard for av med sigeren, med den splitter nye “Massyen”! Det vart nok ei kjekk 17. mai-feiring her på Talgje. 17. mai.
 

Fotballkamp 1997

“31. mai fekk Talgje besøk av “Viking Old Boys”. Me sette i saman eit lag av Halsnøybuar, Fognabuar og Talgjebuar. Det vart eit stort publikum og folk kom i frå Fogn, Halsne og Finnøy. Viking stillte med Erik Thorstvedt, men vår eigen Per Steinsland fekk nok mesteparten av oppmerksomheten frå publikum. Resultatet vart til slutt 4-2 til Talgje-laget.